Vardahei IT

Vardahei IT Vardahei IT tilbyr tenester innan rådgjeving, prosjektleiing og IT - drift. Me sel også datautstyr og programvare. Kundane våre er små og mellomstore bedrifter.

Vardahei IT held til på Campus Sogndal og tilbyr tenester innan rådgjeving, prosjektleiing og IT - drift. Selskapet består av Asbjørn Dale og Bjarte Løland. Begge byrja å jobbe som IT-konsulentar på 90-talet og har såleis lang erfaring frå bransjen. Me tilbyr uavhengig rådgjeving utan noko binding til produkt eller leverandør, noko som gjer at me alltid kan søke dei mest optimale løysingane for de

g som kunde. Me følgjer spesielt med på trendar og produkt innan skytenester. Dette er tenester det er stor etterspurnad etter, og som berre vil bli endå meir aktuelle framover. Me kan hjelpe dykk i prosessen med å gå over til tenestebasert IT-drift, og i tillegg også gjennomføre sjølve implementeringa. Det er likevel ikkje alt som kan løysast med skytenester, så me tek også oppdrag innan "tradisjonelle" IT-løysingar. Dette omfattar blant anna installasjon og drift av PC, server, nettverk, programvare mm. Me tilbyr også ulike driftsavtalar i forbindelse med dette. Ta kontakt for eit møte, så kan me diskutere kva me kan tilby di bedrift!

God ferie – men ikkje ta fri frå IT-sikkerheita!Mange har allereie starta sommarferien, medan andre har den rett rundt h...
07/07/2026

God ferie – men ikkje ta fri frå IT-sikkerheita!

Mange har allereie starta sommarferien, medan andre har den rett rundt hjørnet. Nettkriminelle tek derimot aldri fri. Her er nokre enkle råd for ein tryggare sommar:

👉 Ver ekstra skeptisk når du er på reise🧳:

Svindlarar utnyttar at mange ferierer i byar og område der dei ikkje kjenner lokale reglar, parkeringsordningar eller transportsystem.

Derfor ser vi stadig fleire svindelforsøk som utgir seg for å vere f.eks parkeringsselskap, bompengeselskap eller ulike hotell- og bookingtenester. Forsøka kan komme via e-post, SMS, sosiale medium og ulike meldingstenester.

Mange svindlarar brukar også QR-kodar på plakatar, parkeringsautomatar og informasjonstavler for å leie deg til falske betalingssider.

Eit typisk svindelforsøk er at du mottek ein SMS om ei ubetalt parkeringsavgift eller ei melding som krev at du må betale eit gebyr for å unngå bot. Ver særleg forsiktig dersom meldinga seier at det hastar eller ber deg klikke på ei lenke.

Dersom du er usikker, gå direkte til den aktuelle tenesta eller appen i staden for å bruke lenka du har fått.

Og som elles i året:

👉 Ver forsiktig med opne WiFi-nett. Dersom mogleg, bruk mobilnettet når du skal handtere viktige kontoar eller sensitive opplysningar.

👉 Bruk sterke og unike passord på forskjellige tenester og aktiver fleirfaktorautentisering (MFA) der det er tilgjengeleg. Endå betre er det å ta i bruk passkeys på tenester som støttar dette.

👉 Sørg for at mobiltelefon, nettbrett og datamaskin har installert dei nyaste sikkerheitsoppdateringane.

👉 Dersom mogleg, aktiver diskkryptering (Bitlocker e.l) på datamaskina. På den måten unngår du at andre får tilgang til innhaldet dersom maskina blir stolen.

God sommar – og ver trygg på både nettet og reisa! 😎 ☀️

Vi hadde ein skikkeleg lærerik dag på fagdag om IT-beredskap og robuste bedrifter, arrangert av Vardahei IT og Kunnskaps...
30/03/2026

Vi hadde ein skikkeleg lærerik dag på fagdag om IT-beredskap og robuste bedrifter, arrangert av Vardahei IT og Kunnskapsparken Vestland saman med fleire lokale bedrifter 👏

Frå Gasta var Marianne og Astri med, og vi fekk vere med på å sjå nærare på eigen IT-beredskap og lage ein konkret plan for korleis vi kan bli endå betre. Det er alltid nyttig å få nye perspektiv – for sjølv om mykje er på plass, er det alltid rom for utvikling 🔐

Som digitalt byrå synest vi det var ekstra spennande å få eit innblikk i kva som ligg bak god IT-sikkerheit i praksis. Dette er noko alle verksemder bør ha fokus på, uansett storleik eller bransje.

Tusen takk til Vardahei IT og Kunnskapsparken Vestland for ein inspirerande og innhaldsrik dag – og ikkje minst for veldig god lunsj 🤩🙌

Vi leikar oss litt med KI dagen før dagen. Årets julehelsing er eit "lett" modifisert utsiktsbilete frå Vardaheii, toppe...
23/12/2025

Vi leikar oss litt med KI dagen før dagen. Årets julehelsing er eit "lett" modifisert utsiktsbilete frå Vardaheii, toppen firmaet har fått namnet sitt frå.

2025 har vore nok eit travelt år for oss, med mange spennande oppdrag for kundane våre. No tek vi ein fortent juleferie før vi er klare til innsats att i 2026.

Vi ønskjer alle ei retteleg god jul og eit godt nytt år! ✨🎄🎅

Adresse

Fosshaugane Campus, Trolladalen 30
Sogndalsfjøra
6856

Åpningstider

Mandag 08:00 - 16:00
Tirsdag 08:00 - 16:00
Onsdag 08:00 - 16:00
Torsdag 08:00 - 16:00
Fredag 08:00 - 16:00

Telefon

+4793094567

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Vardahei IT legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Vardahei IT:

Snarveier

Del