Design by Giske

Design by Giske Design er problemløysing. Design er ein prosess frå idè, til gjennomføring og ferdigstilling. Meir informasjon finn du på www.designbygiske.no :-)

Giske Berland - Designer, merkevarebyggar, rådgjevar & potet med glimt i auga • Design er problemløysing • Utviklar funksjonell, smakfull & tydeleg design som fungerer i praksis • Logo, identitet, konsept, trykksaker, profilering, heimeside, bokdesign m.m Eg brenn for å utvikla god, funksjonell og smakfull design som fungerer i praksis og gjev resultat. Det å finna det UNIKE ved nettopp deg, ditt

produkt og ikkje minst di bedrift. Eit av mine mål er at du som kunde skal vera stolt av resultatet, og at du kjenner eigarskap til det ferdige produktet som du skal nytta vidare i kvardagen. Eg er ein ujålete, blid og omgjengeleg frilans designer & merkevarebyggar, med base på Voss. Praktisk anlagt, kreativ, nysgjerrig av natur, engasjert og til tider litt utolmodig. Eg likar å ha struktur på arbeidet, å ha ein plan slik at eg får unna arbeidet på ein god måte til avtalt tid. Arbeider aller best sjølvstendig, men er samstundes ein god samarbeidspartnar. Eg tek ikkje på meg oppdrag eller prosjekt der eg trur du er betre tent med ei anna løysing enn kva eg kan tilby. Om du vel meg for dine tenester så kan eg garantera godt humør og ein god dose latter med på kjøpet.

Smaksrik sider frå Hardanger 🍎🥂I desse dagar er det litt ekstra fokus på sider, då Norsk Siderfestival vert arrangert i ...
04/09/2026

Smaksrik sider frå Hardanger 🍎🥂

I desse dagar er det litt ekstra fokus på sider, då Norsk Siderfestival vert arrangert i samband med Matfestivalen i Bergen!

Identitet, etikettar, emballasje og ei merkevare som passar produsenten er noko av det eg syns er både kjekt og utfordrande å arbeida med.

Lié Gard på Lofthus i Hardanger har eg samarbeida med sidan hausten 2022. Me starta med design av logo og visuell identitet, for deretter å utvikla eit smart etikett konsept for produkta deira. Dette vart justert etter fyrste prøvesesongen og me har landa på eit konsept for sider og eit anna for eplesaft, honning osv.

Etikett konsepta er gjennomtenkte både med designuttrykk, datomerking, format og ikkje minst målgruppe. Resultatet er blandt anna at me kun har 2 storleikar på etikettane, noko som gjev lågare kostnader til trykk.

Sidervariantane Kari, Ollen og Knuta, issideren Klakaskadle, - samt fleire friske og smakfulle eplemostar får du kjøpt i gardsutsalet deira på Opedal, Lofthus.

Trykk av etikettane er det Digital Etikett, etikettspesialistane i Gaupne som fiksar 😊

Digitale bestillingssystem er bra på mange måtar. Litt verre er det både for kunde og bedrift når systemet berre sender ...
27/08/2026

Digitale bestillingssystem er bra på mange måtar. Litt verre er det både for kunde og bedrift når systemet berre sender ut varsel 48 timar før bestilt time, og ikkje ved bestilling. Difor er fysiske timekort (som og er eit supert visittkort) attende hjå mange i frisørbransjen.

Brita'a frisør, den eine delen av Føniks Frisør & Fotterapi i, fekk påfyll av timekort før sommaren 📌

Design av logo, visuell identitet & trykksaker: Design by Giske
Trykk av timekort: A7 Print As

Frå arkivet 📌  Gjennom åra som designer har eg fått arbeida med mange ulike ting. Prosjektet "Ljomen frå havet" med Mann...
24/08/2026

Frå arkivet 📌 Gjennom åra som designer har eg fått arbeida med mange ulike ting. Prosjektet "Ljomen frå havet" med Mannskoret Ljom på Askøy er eit av dei.
Der hadde eg ansvar for ein gjennomført profil med design av plakatar, flyers, annonser og program. I tillegg sette eg saman ei bildevisning som vart nytta i sjølve konserten i Askøy Forum hausten 2012, og seinare i Øygarden kulturhus.

Gøril Florvaag™  2.0 📌 Forretningsutvikler • butikkstylist • rådgiver Når ein har ny logo & identitet så treng ein sjølv...
12/08/2026

Gøril Florvaag™ 2.0 📌
Forretningsutvikler • butikkstylist • rådgiver

Når ein har ny logo & identitet så treng ein sjølvsagt nokre nye profileringsartiklar. Då er det "gode gamle" fysiske visittkortet ein viktig prioritering. Med ein stilrein identitet og ein form på visittkorta som skil seg ut i mengden, - så vert du hugsa nettopp fordi det er eit fysisk kort og ikkje noko som ein må søkja opp på nett for å finna kontaktinformasjon...

📌 Designet & uttrykk i Gøril sin nye visuelle profil som forretningsutvikler, er ei vidareutvikling av identiteten som eg laga til henne som // © Design by Giske 2026

 Festning Light Festival starta som eit pilotprosjekt i 2016 i regi av foreningen 1001 Watt og kmd.UiB. Eg hadde oppdrag...
10/08/2026

Festning Light Festival starta som eit pilotprosjekt i 2016 i regi av foreningen 1001 Watt og kmd.UiB. Eg hadde oppdraget med å laga logo festivalen, samt plakatar og annonser dei fyrste åra. Det har vore kjekt å fygja utviklinga av denne lysfestival oppe på Fjell festning i Øygarden.

😊

KI vs ein designer & rådgjevar som kan ta avgjersler og peika ut ei retning 📌KI-verktøya er no tilgjengelege over alt og...
07/08/2026

KI vs ein designer & rådgjevar som kan ta avgjersler og peika ut ei retning 📌

KI-verktøya er no tilgjengelege over alt og dei kan gjera mykje.

KI gjev deg lett mange ulike forslag.
Men veit du kva du faktisk skal spyrja KI om?

Dei fleste prosjekt feilar grunna dårleg val, - og ikkje grunna mangel på innhald.

Ein lyt ha ein strategi for å ta gode verdiskapande val for bedrifta.
Det kan ikkje KI gjera for deg.

Du treng framleis eit menneske som kan ta dei rette avgjerslene basert på innsikt, strategi, smak og fagkunnskap.

Eg gjev deg ei retning og eit konsept som fungerer. Det vil gje deg både resultat og langvarig verdi.

Design er problemløysing 📌
👉 [email protected]





For ei god veke sidan vart det arrangert NM i friidrett i Trondheim. Spolar me 10 år tilbake i tid, til 2016, så var det...
03/08/2026

For ei god veke sidan vart det arrangert NM i friidrett i Trondheim.
Spolar me 10 år tilbake i tid, til 2016, så var det mitt design som pryda NM i friidrett på Askøy. Logo & profil vart designa av meg i 2015 på oppdrag av Ask friidrett og NM-komiteen. 😊

Nokre «sommar»dagar 💦 e lika greit å nytta til litt fagleg påfyll 📌😊      LogoLounge.com
28/07/2026

Nokre «sommar»dagar 💦 e lika greit å nytta til litt fagleg påfyll 📌😊


LogoLounge.com

Butikkutvikler.no & Design by Giske 🤜 G-power!
09/07/2026

Butikkutvikler.no & Design by Giske 🤜 G-power!

Har du begynt å planlegge høsten?
Kanskje du trenger litt G-power!!! Gøril og Giske. Av enkelte omtalt som: "Good cop og bad cop". 😜 😅 Vi har jobbet sammen i over sju år med den landsomfattende kampanjen Nisjebutikkens dag. Vi utfyller hverandre utmerket og har gjort oss masse erfaringer som du kan ha nytte og glede av. Vi kan stille sammen på ditt event og snakke om 'alt mellom himmel og jord'! Men mest om butikk, butikkmarkedsføring, merkevarebygging, kampanjegjennomføring og så videre.

Ta kontakt for å høre mer!

KI vs eit menneske som kan ta avgjersler og peika ut ei retning 📌KI-verktøya er tilgjengelege over alt og dei kan gjera ...
02/07/2026

KI vs eit menneske som kan ta avgjersler og peika ut ei retning 📌

KI-verktøya er tilgjengelege over alt og dei kan gjera mykje.
KI gjev deg lett mange forslag,
så sant du veit kva du skal spyrja om.

Dei fleste prosjekt feilar grunna vala som vert tekne,
og ikkje grunna mangel på innhald.
Strategi må utarbeidast og
ein må ta ulike val for å skapa verdi.
Det kan ikkje KI gjera for deg.

Du treng framleis eit menneske som
kan ta dei rette avgjerslene basert på
innsikt, strategi, smak og fagkunnskap.

Eg gjev deg ei retning, eit konsept som fungerer,
- som gjev deg både resultat og langvarig verdi.

Design er problemløysing 📌

👇 👇 👇

www.designbygiske.no





Adresse

Vangsgata 46B
Vossavangen
5700

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Design by Giske legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Design by Giske:

Snarveier

Del